• kompass

Vossafjell AS

Vossafjell vart starta av Ingjerd Dymbe Anda, Lars Anda, Kåre Bere og Kristen Skjeldal i 2004. I 2010 har også Øyvind Birkeland og Jarle Trå blitt med på laget. Vossafjell tilbyr eit breitt spekter av fjellaktivitetar i det unike nærmiljøet vårt på Voss samt i Sogn og Hardanger.

Vossafjell samarbeider tett med Heritage Adventures som tilbyr skreddarsydde turar i heile Noreg. Heritage Adventures helper kunder med alt frå enkeltopplevingar til fullstendige pakkar med transport, overnattingar og opplevingar over fleire veker. 

Lokalkunnskap og detaljert planlegging er vår styrke, og det får du dra nytte av som kunde hjå oss. Enten du planlegg ein firmatur eller vil vera aktiv i din eigen ferie, vil me gjera vårt ytterste for at di oppleving i fjellet eller langs fjorden skal bli best mogeleg. Dette landskapet som me sjølve er så glade i, ønsker me at du skal få oppleva på den samme måten som me har gjort sidan vår barndom.