VERDSARVOMRÅDET I NÆRØYFJORDEN - NORGES FLOTTASTE FJORDNATUR?

Når me begynte å planlegga denne turen var me veldig opptatt av at dette skulle vera ein tur heilt utanom det vanlege. Dette er ein tur som det er vanskeleg å organisere på eigen hånd, rett og slett fordi logistikken er utfordrande. Det er ikkje vegforbindelse i området, derfor vil all transport på denne turen foregå med leigebåt. Det eksisterer heller ikkje vanlege overnattingstader og det er ingen restaurantar eller kafeear i området. Men etter mykje planlegging og organisering har me sydd saman eit dagsprogram som ikkje berre vil gi deg dei desidert flottaste naturopplevelsane dei norske fjordane kan by på – men også unike opplevelsar på andre områder. For eksempel ei overnatting på den heilt spesielle Stigen fjellgard, 300 meter rett over Aurlandsfjorden, og to overnattingar på den koselege fjellgarden Drægo i fjella over Dyrdal. Maten er også ein viktig del av totalopplevelsen, på denne turen vert det ikkje servert frysetørka eller hermetikk. Historien om korleis ein i gamle dagar klarte å overleva i dette barske fjordlanskapet er fascinerande, og turledaren kjem til å bruke ein del tid på å fortelje om dei naturgitte utfordringane som folket her heile tida stod ovanfor.

Sjå dei flotte bileta frå turen i 2010, så forstår du kva me meiner med Noregs flottaste fjordlandskap...

FJELLTURANE

Me vurderte først kva stader og stiar som gir dei mest storslagne og spektakulære naturopplevelsane i verdsarvområdet, og deretter organiserte me båttransport og logistikk rundt dette. Ingen kompromiss vart inngått på dette punktet. Utsikta frå dei plassane me skal besøka er rett og slett vanskeleg å beskriva. Dette er det mest storslagne av det Vestlandsnaturen kan by på. Kvar dag går du kun med dagstursekk. Det utstyret du treng når du kjem fram til overnattingsstaden, vert transportert dit og er på plassen når dere ankjem.

OVERNATTINGSSTADENE

Me bestemte oss også for å sjå på det faktum at det ikkje eksisterer vanlege overnattingsstader som ein unik mogelegheit, i staden for å sjå det som eit problem. Det finns nemleg mogelegheiter dersom ein har dei rette kontaktane. Og overnattingsstadane som me benytter oss av vil garantert gje deg eit minne for livet, og er på mange måtar ein like viktig del av totalopplevelsen som fjellturane. Me bur ei natt på den kjente fjellgarden Stigen som klorar seg fast på ei lita fjellhylle 300 meter over Aurlandsfjorden. Både utsikta frå tunet, og historien til denne garden er så spesiell at du nesten ikkje trur det før du får oppleva det. Og kva med å avslutta dagen i badestampen på kanten av stupet… Dei to andre nettene tilbringer ein på fjellgarden Drægo. Drægo ligg i fjella over den veglause grenda Dyrdal, og er eit ypparleg utgangspunkt for turen opp på Breidskrednosi.

MATEN

Også maten er ein viktig del av totalopplevelsen på denne turen. Både på Stigen og Drægo er det vertskapet som står for maten. Alle måltid er basert på lokale mattradisjonar og råvarer hausta frå naturen. Kortreist og berekraftig mat.

FYSISK FORUTSETNING

Denne turen krev normal "fjellturform", dvs. at du er vant med å gå lange dagsturar i norske fjell. Sjå beskrivelse av lengde og høgdemeter på kvar dagsetappe i dagsprogrammet lenger nede på sida. Bagasjen vert transportert mellom overnattingsstadene, så du bærer kun ein lett dagstursekk.

DAGSPROGRAM

DAG 1 - TORSDAG

Oppmøte Voss Stasjon kl. 1000. Me køyrer inn Jordalen til Breidalen (700 moh) der dagens etappe startar. Først stiger det oppover mot Vardane, og så går det nedover forbi Skarsvotni og Skarsbakkane. Frå høgfjellet bevegar ein seg etterkvart ned i frodig natur, og utsikta når du kjem fram på kanten rett over Bakka kjem til å ta pusten frå deg! Den smale og buktande Nærøyfjorden langt der nede, og den vesle tettstaden Bakka, kanskje ein av dei mest fascinerande stadene det bur folk i heile Norge! Så går me ned den bratte Rimstigen til Bakka. Rimstigen er den mest kjente stien og eit av dei flottaste utsiktspunkta i Nærøyfjorden. Ved kaien i Bakka ventar båten på oss, og den fraktar oss ut til Stigen. Båtturen er ikkje berre ein transportetappe, men ein fantastisk reise gjennom det aller flottaste, smalaste og brattaste fjordlandskapet me har i Noreg. Me går i land på ein liten kai, og 300 meter rett over oss ligg sjølve fjellgarden Stigen. Det ser på avstand ikkje ut som det er mogeleg å gå opp til garden frå kaien, men det slynger seg ein sti oppover den bratte fjellsida. Det kan sjå skummelt ut ved første augekast, men dette er ingen problem sjølv for dei som har litt høgdeskrekk. På Stigen vert me tatt i mot av dei som eig garden, og her føler me det nesten som om me har komme fleire hundre år attende i tid. Ein badestamp med fantastisk utsikt kan kanskje frista etter middagen?

Programmet for denne dagen kan variera frå tur til tur ettersom dette er ein krevande etappe.
Dagsetappe: Omlag 7 timar
Terreng: 800 høgdemeter opp/1350 høgdemeter ned. Stort sett bra sti, men deler av nedstigninga er bratt og til dels krevande.

DAG 2 - FREDAG

Etter frukost går me ut på Beitelen (680 moh). Beitelen er det ytterste punktet på fjellområdet som deler Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Dermed er utsikten frå dette punktet heilt spesiell. Me går attende til Stigen til lunsj, og deretter tar me båt til Dyrdal, eit veglaust lite samfunn i Nærøyfjorden. Dyrdal er fråflytta, men det er fleire som brukar dei små husa som sommarhus. Me ruslar oppover dalen til fjellgarden Drægo, som ligg om lag 400 meter over havet. Her er du omtrent så langt vekk frå kvardagslivets kjas og mas som det er mogeleg å komme - i alle fall på Vestlandet.
Dagsetappe: Omlag 5 timar
Terreng: 800 høgdemeter opp/700 høgdemeter ned. Bra sti til Beitelen, stølsveg til Drægo.

DAG 3 - LAURDAG

I dag skal me opp på det som kanskje er det aller flottaste utsiktspunktet på heile turen. Breidskrednosi (1189 moh) tronar omtrent rett opp frå fjorden, og langt der nede ser ein turistbåtane som glir inn og ut fjorden. Så kan ein eventuelt gå vidare til Skogafjellet (1289 moh). Etter ein flott dag i høgfjellet, er det godt å komma "heim" til Drægo att, og middagen står snart klar.
Dagsetappe: Omlag 7 timar
Terreng: 800 høgdemeter opp/800 høgdemeter ned. God sti i starten, åpent fjellterreng opp mot toppen.

DAG 4 - SUNDAG

Etter ein god frukost er det turens siste etappe over Handadalseggi attende til Jordalen som står for tur. Ryggen på Handadalseggi er smal og flott, og her ligg det også ein heilt spesiell historisk konstruksjon. Eit steingjerde er bygd slik at det skulle leda reinsdyrflokken utfor stupet når jegerane jaga dei utover ryggen. Langt der nede i dalen kan ein sjå dei frodige flekkane der slaktinga føregjekk. I Jordalen står transporten klar, og ein er attende på Voss forholdsvis tidleg på ettermiddagen (omlag kl. 1630).

Programmet for denne dagen kan variera frå tur til tur ettersom dette er ein krevande etappe.
Dagsetappe: Omlag 7 timar
Terreng: 1000 høgdemeter opp/600 høgdemeter ned. God sti i starten og slutten, åpent fjellterreng over Handadalseggi.

Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.