• Utsikt Liaset 2
  • Blaabaer Liaset
  • Stemning Liaset

Fjelltur på Liaset

Liaset er ein perfekte plass for å komma seg ein tur opp i frisk fjelluft. Ikkje berre får du oppleva ein storslagen utsikt over Vossebygda, men du kan også nyta den avslappa stemninga på ein støl. Sannsynlegvis går både sauer og kyr og beiter rundt den frodige stølen.

Me startar vandringa så høgt som 700 meter over havet og går på gode stiar opp til Kolingseggi, vel 950 meter over havet. Dette er ein roleg og enkel tur der me kan ta ein del pausar undervegs. Om hausten kan me kanskje plukka litt bær også. Guiden fortel om det tradisjonsrike stølslivet i fjella rund Voss. Han fortel også om bærsortar, plantar og dyreliv i fjellet.