Horndalsnuten er ikkje det høgaste fjellet på Voss, men det er likevel på mange måtar det største. Toppen gjer deg eit fantastisk utsyn over Vossabygda, Vangsvatnet og dalane ikring.

Toppturen til Horndalsnuten er meir enn ein slitsom motbakke. I roleg tempo vandrar me gjennom stølslandskap på gode stiar. Lenger oppe møter høgfjellet oss med tilhøyrande utsikt. På toppen ventar synet av Vossebygda, Hardanger og fleire av dei største isbreane i Noreg. Dersom vêret er godt kan me faktisk sjå mange av 2000-meters toppane i Jotunheimen.