Eit høgdepunkt og "must" for alle som søkjer mektige opplevingar i det vestnorske fjord- og fjellandskapet!

På denne heildagsturen som er ein utvida og aktiv variant av den populære ”Nutshell”-turen, får du kombinert ei vandring i den idylliske Flåmsdalen med alle høgdepunkta som den tradisjonelle rundturen tilbyr.

Den guida turen startar på Voss, men god togkorrespondanse gjer også Bergen til eit aktuelt start- og sluttpunkt. Guiden vil då ta i mot gjester frå Bergen ved togankomst Voss.

Frå Voss går turen austover på Bergensbana og undervegs får du alle dei tradisjonelle høgdepunkta på "Nutshell"-turen, som togtur frå Voss til Myrdal og på Flåmsbana, fjorcruise frå Flåm til Gudvangen i Nærøyfjorden verdsarvområde og vidare den spektakulære Stalheimskleiva.

Vår tur inkluderer i tillegg dette:

Eigen kunnskapsrik lokalguide på heile rundturen

Vandring på 8-10 km i eit storslått fjell- og fjordlandskap

Strandhogg i ei av grendene undervegs på fjordcruiset frå Flåm til Gudvangen

Eigen buss Gudvangen – Voss

Fotostopp på Stalheim Hotell

Turen kan kombinerast med eit opphald på Voss, Stalheim, Gudvangen eller Bergen.

Ta kontakt for eit tilbod med overnatting.